Seljord fekk alle med i vannprosjekt1

Målet er nådd: 350000 kroner har seljordfolk samla inn slik at det kan bli ein brønn i Odziba i Kongo/Brazzaville fullfinansiert av folk i bygda her.

Seljord Songlag har teke dette initiativet. Temmeleg uvanleg at eit kor driv med slikt!
For oss var to ting viktige i oppstarten:

* dette skulle vera moro,
* og me måtte få alle med

Tekst og foto: Seljord Songlag

«Alle» skulle bety alle innbyggarar i kommunen, alle lag og organisasjonar, så mange som råd frå næringslivet, kommunen, kyrkjene, skulane, banken, utflytta seljordingar og så vidare.
Me nytta plakater, flygeblad, lokalavisa og diverse brev for å nå så mange som råd. Ingen skulle vera uvitande om kva som gjekk føre seg!

Eg trur me fekk «alle» med! Me møtte stor velvilje frå alle hald! Kommuneleiinga støtta oss og gav oss dermed ein spesiell legitimitet. Forretningsdrivande gav store summar – men så blei dei også besøkt personleg . Bøssene som var utplasserte sanka inn mange tusen, Ungdomsskulen hadde arbeidsdag og gav inntektene til Seljordbrønnen, det gav 25 000. Lokalbanken støtta oss heile vegen.

Var det moro?

Alt begynte med songlagets Afro-konsert som var strålande festleg!
Nothing succeeds like success, så sjavsagt var det moro! Me hadde stand på Dyrsku’n og showa og fekk inn over 35000. Me sydde oss vestar, baka kransekaker og selde lodd i mange samanhengar. Me fekk fine kunstverk til kunstlotteriet – Me hadde hyggelege møte med næringsdrivande som opna lommeboka og prisa initiativet. Dei fyrste av desse var nøye uttenkt- og når dei gav gode bidrag, fylgde gjerne fleire etter!

Det må nemnast at den tette, personlege kontakten med leiinga i Yme har betydd svært mykje. Det var derfor ein spesiell inspirasjon at ambassadør Hombessa besøkte Ungdomsskulen og kommunestyret.
I møte med eventuelle givarar har det vore veldig fint å vise til Ymes bruk av pengane; at så stor prosent går til det eigentlege formålet.

At dette var eit konkret, tidsavgrensa prosjekt, gjorde nok sitt til iveren, og dermed var vi i mål i løpet av 9 månader. Heile Seljord var med! Seljord Songlag sine medlemer var spesielt med. Klart ansvar låg på 3 dedikerte personar i prosjektleiinga.
Det har vore ei stor glede å kunne gje dette bidraget. Me ser fram til vidare informasjon om boring og bygging i Odziba.

English